Siste nyttÅrsoppsettetSMS-tjenestenOm UngdomslagetKompetBildegalleriAndakterLinkerGjestebok
Ogna, Brusand og Sirevåg Kristne Ungdomslag
www.ungdomslaget.org
Styret og stellReglerKontakt
Regler
LOVAR OG ARBEIDSREGLAR
For Ogna, Brusand og Sirevåg Kristne Ungdomslag

Lovar:

§ 1. Laget har namnet Ogna, Brusand og Sirevåg kristne Ungdomslag. Det er skipa av kristne ungdomar i Sirevåg, Ogna og Brusand, og er ikkje tilslutta nokon organisasjon.

§ 2a. Formålet for laget er å vinna menneske for Kristus og styrkja sant kristenliv mellom medlemmane, og ungdom elles. Ein vil og styrkja medlemmane si åndelege og lekamlege utvikling så godt råd er.

b. Laget vil leggja stor vekt på arbeidet innan bygda mellom barn og gamle. Dessutan arbeider laget direkte for misjonen, og for at kvar einskild medlem skal få auka misjons-sinn.

§ 3. Ein kan verta medlem i laget når ein byrjar i 8.ande klasse i ungdomsskulen.

§ 4. Medlemskontingenten er kr 20 pr år.

§ 5. Til å leia laget vel ein eit styre. Ein kan stille til val i styret når ein har passert konfirmasjonsalder. Formannen har sin nestformann, og styret har 2 varamenn, 1 gut og 1 jente. Styremedlemmane sit kvar i 2 år.

§ 6. Lovendring må kunngjerast minst 1 mnd. før avgjerd. Lovendring kan ikkje skje utan at 2/3 av dei styremedlemmane som møter fram røyster for.

Arbeidsreglar:

Nr 1. Ansvaret for  å stella med programmet for kvart arrangement vert gitt to stk frå styret vanlegvis om det ikkje er noko spesielt som skjer. Då deltek alle.

Nr 2. Medlemmene i laget er solidarisk ansvarlege for laget si verksemd og bør vera villige til å delta i komitéar og diverse program.

Nr 3. Laget har så mange samkomer som styret fastsett. Møtene er opne for alle, men lagsmøtene er mest berekna på medlemmane.

Nr 4. All bruk av rusmidler på/rundt alle OBS sine arrangement er forbode.


 

Siste nyttÅrsoppsettetSMS-tjenestenOm UngdomslagetKompetBildegalleriAndakterLinkerGjestebok